Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Kom i gang med kommune­planens samfunnsdel
Steg 3 av 10

Tidleg dialog med fylkeskommune og statsforvaltar

Kommunen bør tidleg i arbeidet med samfunnsdelen ta kontakt med fylkeskommunen, Statsforvaltar og andre relevante regionale og nasjonale aktørar.

På den måten kan kommunen tidleg få innspel til kva regionale og statlege føringar dei bør ta omsyn til i planlegginga, og kommunen kan nytte høvet til å be om planfagleg rettleiing i prosessen.

Rettleiing i planprosessen

Fylkeskommunen har ansvar som plan for å rettleie kommunane i planarbeidet. I tillegg er fylkeskommunen regional planmyndigheit og utarbeider regionale planar som legg føringar for kommunane. Statsforvaltaren har eit generelt rettleiaransvar overfor kommunane og er sektormyndigheit på ei rekke område som er relevante for samfunnsplanlegginga.

Tidleg og god samordning

Tidleg dialog mellom kommunen og statlege og regionale styresmakter legg grunnlag for godt samarbeid og er ein nøkkel til å styrkje samordninga mellom ulike interesser i planprosessane. Kommunen har eit ansvar for at viktige nasjonale og regionale interesser vert tekne i vare i planlegginga. Sektorstyresmakter og regional planstyresmakt har ansvar for å legge fram viktige statlege og regionale føringar og interesser tidleg og tydeleg for kommunane, slik at kommunen kan ta omsyn til dette både i utforming av kunnskapsgrunnlag og planen.

Regionalt planforum er ein god arena for tidleg dialog med regionale og statlege styresmakter. Fylkeskommunen har ansvar for å arrangere regionalt planforum.

Verktøy og metoder