Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Litteratur

Bygdelivsbutikken – butikken som ressurs i lokalsamfunnet

Samarbeid mellom nærbutikk, kommune og lokalsamfunn styrkjer både butikken og bygda. Fylkeskommunen og Distriktssenteret kan vere gode støttespelarar. Det viser prosjektet Bygdelivsbutikken.

16. november 2026

Bygdelivsbutikken var eit samarbeidsprosjekt mellom Innlandet fylkeskommune og Distriktssenteret med Merkur-programmet. Fem distriktsbutikkar og kommunane Lesja, Vågå, Gausdal, Tolga og Grue deltok.

Målet var å prøve ut korleis betre samarbeid kan styrke butikken som møteplass og velferssentral, og bidra til gode tilbod og tenester for innbyggjarane.

Lokal involvering skaper utvikling

Butikkane og kommunane arrangerte bygdelivsmøte, etablerte lokale arbeidsgrupper og gjennomførte konkrete tiltak. Erfaringane viser at lokal involvering, god forankring i kommunen, tett oppfølging og midlar til tiltak er viktig for å skape resultat.

Bygdelivsmøta var ein nyttig måte å mobilisere lokalsamfunnet på og få fram lokale behov og idear. Innspela blei brukte konkret i vidare utvikling av butikken som møteplass og velferdssentral. Innspela kan også takast vidare i framtidig og forpliktande samarbeid og samarbeidsavtalar.

Eit verktøy for vidare utvikling

Prosjektet utvikla og testa også kriterium for ei mogleg sertifisering av bygdelivsbutikkar. Erfaringane viser at ei sertifiseringsordning vil krevje meir utviklingsarbeid. Kriteria kan likevel vere nyttige som verktøy for dialog og utvikling mellom butikk, kommune og lokalsamfunn, og i det vidare arbeidet med Merkur-programmet.

Rapporten er særleg relevant for kommunar, nærbutikkar, fylkeskommunar og andre som arbeider med lokal samfunnsutvikling og tenester i distrikta.