Duett eller duell? – Reiseliv og lokalsamfunnsutvikling
Rapporten etterspør profesjonalisering av rommet mellom reiseliv og lokalsamfunn. Forsking viser eit brokete bilete, kor noko likevel er klart: Folk skapar stader og folk skapar reisemål – saman.
Hovudfunnet
Dei som jobbar med reiseliv eller samfunnsutvikling på ein stad treng meir kompetanse. Dei må samarbeide og utfylle kvarandre i nettverk der dei har gjensidig tillit til kvarandre. Det betyr at det er folk med ulike interesser og kompetanse som skapar suksess, når dei samarbeider i tillitsfulle nettverk – prega av ønskje om framføra ein duett, heller enn å møtast til duell.
Last ned kortversjon av rapporten
Last ned hovedrapporten
Funn stiller nye krav
Funna kan kort oppsummerast slik
- Folk skaper stader – saman. Natur og kultur er berre ei råvare – menneske er produsentar og konsumentar – i møte med kvarandre. Startegiar for sampel og deling av kunnskap er difor viktig.
- Det er naudsynt å fokusere på den «breie verdiskapinga», der verdiar handlar om miljø, kultur, sosiale og økonomiske goder.
- Det er naudynt å ha brei kunnskap om kvar ein er – og presis kunnskap om kvar ein vil. Synsinga må leggast bort.
- Det må vere kunnskap og respekt for særpreget til staden. Dette krev både interesse- og kunnskap om fagfeltet.
- Det er nausynt med klare retningsliner for soning av areal med omsyn til ulike brukarinteresser.
- Frie goder må utviklast som grunnlag for kommersielle goder – og omvendt.
- Samhandlingskultur er viktigare enn samhandlingsstruktur når ein skal utvikle tillitsfulle nettverk.
- Det er viktig å gi rom for profesjonalisering av dette nye fagfeltet.
Utval og metode i studien
Denne studien er ikkje utvikla på skrivebordet til forskarane eller i gongane til byråkratane. Studien er eit resultat av møte mellom teori og praksis.
Arbeidet er gjennomført ved hjelp av ulike metodar:
- litteraturgjennomgang
- workshop over to dagar med 60 deltakarar frå offentleg forvaltning og private aktørarar med stor interesse på fagfeltet
- breiddeundersøking av alle kommunane i landet
- intervju med 60 interessante kommunar
- casestudie av 9 ekstra interessante kommunar avslutta med gruppeintervju med mellom anna representantar frå næringsliv, kommune, grunneigarar, hyttefolk og politikarar i desse kommunane

Få heftet tilsendt
Kommunar, fylkeskommunar, politikarar eller andre som ønsker å få tilsendt trykte hefter til arrangement, møter eller opplæring, kan sende en bestilling til post@kdu.no (opnar i nytt vindauge).
Publisert i 2013
Skrevet av Lars Ueland Kobro, Knut Vareide, Per Ingvar Haukeland og Bård Jervan i Telemarksforskning og Mimir AS