Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Litteratur

Læringshefte om utviklingskapasitet

Kunnskap, organisering og verktøy gjer det lettare å få gode resultat. Læringsheftet Utviklingskapasitet fortel korleis kommunane kan bli betre samfunnsutviklarar.

26. august 2015

Kapasiteten til å skape ei god samfunnsutvikling handlar om mykje meir enn talet på utviklingsstillingar i rådhuset.

I læringsheftet presenterer Distriktssenteret utviklingskapasitet som summen av fem element:

  • Utviklingsleiing
  • Utviklingskompetanse
  • Utviklingskultur
  • Utviklingsøkonomi
  • Tidsressursar

Heftet er tenkt å inspirere kommunane til å jobbe med å styrke utviklingskapasiteten sin. God kapasitet handlar blant anna om å engasjere dei rette menneska, både på rådhuset, elles i kommuneorganisasjonen og ikkje minst i lokalsamfunnet.

Framsidebilete av heftet "Utviklingskapasitet"

Metode for eigenvurdering

I heftet blir både omgrepet utviklingskapasitet og kapasitetsdiamanten som metode for eigenvurdering forklart nærare.

Vi fortell og kva som skal til for å betre utviklingskapasiteten, og korleis dette kan gjerast i praksis. Difor legg vi i heftet vekt på forklaring av omgrep, forslag til arbeidsmåtar og eksempel.

Om utvikling av metodikken

Prosessmetodikken er utviklet av Distriktssenteret i samarbeid med Trøndelag Forskning og Utvikling AS, Agderforskning AS, Vestlandsforskning, Østlandsforskning og NORUT Alta og NORUT Tromsø. Metoden ble brukt som et verktøy i en egenvurdering av utviklingskapasitet i de 41 kommunene som deltok i Småkommuneprogrammet (opnar i nytt vindauge) i 2013 og 2014. Kommunene opplevde metodikken som nyttig.

Bygd på kunnskap om lokal utvikling

Distriktssenteret byggjer heftet på kunnskap om lokal samfunnsutvikling frå kommunenes praktiske arbeid og ei lang rekkje studier og forskingsrapportar.

Både små og store kommunar har eit potensiale for å styrke sin samla kapasitet innan lokal samfunnsutvikling. Det kan dreie seg om utviklingstiltak i et lite lokalsamfunn, i et tettsted eller i en hel kommune.

Få heftet tilsendt

Kommunar, fylkeskommunar, politikarar eller andre som ønsker å få tilsendt trykte hefter til arrangement, møter eller opplæring, kan sende en bestilling til post@kdu.no (opnar i nytt vindauge).

Publisert i 2015

av Distriktssenteret