Verdiskaping i ditt lokalsamfunn
I temaheftet finn du inspirasjon frå kommunar som har brukt natur- og kulturressursar som positiv drivkraft i samfunnsutviklinga, og verktøy for bruk i eigen kommune eller region.
Last ned fil
Bruk gjerne heftet som inspirasjon og utgangspunkt for politiske diskusjonar og prioriteringar i kommunestyret, i samfunnsplanlegginga, næringsutviklingsarbeidet, i arbeid med utmarksstrategiar og i anna arbeid med verdiskaping basert på natur- og kulturressursar.

Døme frå Kåfjord
Natur og kultur som utviklingskraft
I heftet kan du lesa meir om korleis Kåfjord har nytta kulturarven sin som ei utviklingskraft. Du får møta Lom kommune, der naturvern legg grunnlag for lokal utvikling. I Hurdal har kommunen spela ei viktig rolle i å legga til rette for auka verdiskaping frå treforedling lokalt. Og i Valdres samarbeider seks kommunar om å auka den regionale verdiskapinga i besøksnæringane.
Felles for desse kommunane er at dei arbeidar med å skapa verdiar i brei forstand. Å arbeida med brei verdiskaping kan vere ein strategi for berekraftig samfunnsutvikling. Brei verdiskaping handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.
Tillit og dialog er viktig
Dersom ein skal skapa noko nytt saman, er det viktig med arenaer der folk med ulike interesser kan prate saman. Tillit og dialog er heilt sentralt for å bygge bru mellom ulike interesser. Ein viktig del av kommunen sitt handlingsrom ligg nettopp innanfor den sosiale verdiskapinga.
Bakerst i heftet finn du Dialog- og tillitssjekken, eit enkelt verktøy du kan bruke til eigenrefleksjon, diskusjon og bevisstgjering rundt korleis ein kjem seg frå ein mogleg konflikt til endring som er til det beste for alle partar.
Last ned fil
Få heftet tilsendt
Kommunar, fylkeskommunar, politikarar eller andre som ønsker å få tilsendt trykte hefter til arrangement, møter eller opplæring, kan sende en bestilling til post@kdu.no (opnar i nytt vindauge).
Publisert i 2018
Skrevet av Elisabeth Veivåg Helseth og Roar Werner Vangsnes i Distriktssenteret