Godt forankra politisk vedtak
Politisk eigarskap bør vere ei raud tråd gjennom heile planprosessen, og når det kjem til vedtaksmøtet.
Det er kommunestyret som vedtek samfunnsdelen og har ansvar for oppfølginga. Prosessen fram til politisk vedtak legg eit viktig grunnlag for korleis planen vert følgt opp vidare. Kommunestyret må ha god kjennskap til samfunnsdelen og oppleve at han speglar viljen i kommunestyret.
Dette er eit godt utgangspunkt for at kommunestyret vel å følgje opp planen vidare.
Korleis forankre politisk vedtak?
Heile planprosessen bør vere organisert på ein måte som bygger opp om den politiske kunnskapen og engasjementet for samfunnsdelen som styringsverktøy. Kommunestyret må bli sett i stand til å forstå og bruke samfunnsdelen som politisk styringsverktøy.
Administrasjonen bør vektlegge at samfunnsdelen har ei form og omfang som gjer det realistisk at kommunestyret rekk å sette seg inn i dokumenta og kan gjere seg opp ei meining om innhaldet.
Før vedtaket av samfunnsdelen bør kommunestyret få tid og rom til å sette seg inn i og diskutere planutkastet. Det er viktig at alle er deltakande og bidreg. Administrasjonen bør legge til rette saka på ein måte som sikrar dette, gjerne med ei litt anna ramme enn det tradisjonelle kommunestyremøtet.
Kommunestyret kan til dømes diskutere samfunnsdelen i ein tverrpolitisk arbeidsverkstad. Her kan kommunestyret også diskutere grep for å følgje opp samfunnsdelen i kommunestyret.