Oppfølging etter vedtak
Når samfunnsdelen er vedtatt startar arbeidet med å sette planen ut i livet. Då er det viktig å ha god samanheng i plan- og styringssystemet i kommunen. Målet bør vere at kommunen jobbar kontinuerleg med samfunnsplanlegginga.
Når dei folkevalde erfarer at samfunnsdelen får direkte verknad for økonomi og sakshandsaming kan det bidra til å auke forståing og engasjementet for samfunnsdelen som styringsverktøy.
Tydeleg samanheng i plansystemet
Gjennom arbeidet med planstrategi og samfunnsdel bør kommunen etablere tydlege samanhengar mellom samfunnsdelen og dokumenta som følgjer han opp. Samanhengen i plansystemet bør vere logisk og enkel å forstå for dei folkevalde, administrasjonen og innbyggarane. Det er ein føresetnad at samfunnsdelen har tydelege satsingsområde, som er eigna for oppfølging i handling- og økonomiplanlegginga.
Oppfølging gjennom sektorplanar
Samfunnsdelen er ein viktig arena for å samordne interesser og behov i dei ulike sektorane, og sette desse i samanheng med behovet for ei samla utvikling i kommunen. Mål og strategiar i Samfunnsdelen skal vere grunnlaget for planar og verksemd i dei ulike sektorane i kommunen. All sektorplanlegging skal vere forankra i kommuneplanen, og sektorplanar må følge opp dei heilskaplege grepa som samfunnsdelen legg opp til.
Mål og strategiar i samfunnsdelen bør vere av overordna og strategisk karakter, og skal ikkje legge opp til sektorvis detaljstyring. Detaljerte mål, tiltak, resultat og økonomi for sektorane, bør heller stå i eigne sektorvise planar eller kommunedelplanar.
Mange kommunar med små administrasjonar opplever utfordringar knytt til at omfanget av sektorplanar blir for stort, og at det blir for ressurskrevjande å følgje dette opp. Eit godt råd er å redusere omfanget av sektorplanlegging, til fordel for ein overordna samfunnsdel. Samstundes bør ikkje samfunnsdelen bli for detaljert og omfangsrik. I staden for eigne sektorplanar, er det mogleg å bruke handlings- og økonomiplanen til å utdjupe mål og tiltak for sektorane.
Kontinuerleg oppfølging gjennom handlingsdel og økonomiplan
§ INNEHELD LOVKRAV
Samfunnsdelen skal ha ein handlingsdel, som viser korleis planen blir følt opp i løpet av minimum dei neste 4 åra. Om kommunen har tematiske kommunedelplanar skal handlingsdelen også gjelde desse. Det er ein føresetnad at samfunnsdelen har tydelege satsingsområde, som er eigna for oppfølging i handlings- og økonomiplanlegginga. I handlings og økonomiplanen bør det vere tydleg korleis satsingsområda i samfunnsdelen vert følgt opp, Og med klar kopling til arbeidet i sektorane.
Både kommunelova (§14-4) og plan og bygningslova (§11-1, fjerde ledd) opnar for at handlingsdelen blir slått saman med kommunen sin økonomiplan. Økonomiplanen legg det økonomiske grunnlaget verksemda i kommunen , og har direkte verknad på innbyggarane i kommunen. Å slå desse dokumenta saman til ein handlings- og økonomiplan (HØP) styrkar samfunnsdelen som styringsverktøy, ved å etablere ei tydleg kopling mellom samfunnsdelen og dei konkrete økonomiske disponeringane.
Kommunen må revidere handlings- og økonomiplan kvart år. Dette er eit godt høve til å vurdere og evaluere måloppnåing for samfunnsdelen og revurdere tiltak i lys av økonomi framover. Nokon kommunar handsamar også planstrategien saman med handlings- og økonomiplanen, for å tilpasse planarbeidet til verksemda elles. Mange kommunar følgjer i tillegg opp kommuneplansatsingar og måloppnåing i sektorane gjennom kvartals- eller tertialrapportar i løpet av året.
Gjennom ei god kopling til økonomiplanlegginga kan kommunen jobbe kontinuerleg med samfunnsplanlegginga,istaden for at samfunnsplanlegginga er avgrensa til eit prosjekt med mange års mellomrom.
Oppfølging gjennom sakshandsaming
Samfunnsdelen bør bli følgt opp i sakshandsaminga i kommunen. Dei fleste kommunar har malar som blir nytta i administrativ og politisk sakshandsaming. Malane bør sørgje for at saksutgreiinga eksplisitt blir kopla opp til måla i samfunnsdelen, og vise konsekvens for desse.
Korleis har andre kommunar gjort det?
- Samfunnsdelen til Luster kommune (opnar i nytt vindauge) har 4 tverrfaglege og sektorovergripande satsingsområder. Kvart satsingsområde er brutt ned i hovudmål og delmål. I tillegg har samfunnsdelen strategiar som viser korleis kommunen vil jobbe for å nå måla. Kommuneplanens handlingsdel for Luster kommune (opnar i nytt vindauge) viser korleis måla frå samfunnsdelen er følgt opp gjennom strategiar, tiltak og investeringar.
- Nore og Uvdal kommune har i sitt handlingsprogram og økonomiplan for 2025-2028 (opnar i nytt vindauge) ei tilnærming som gir god oversikt over drifts- og investeringstiltak. I tillegg vedtek kommunen planstrategien årleg gjennom handlingsplanen.