Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Kom i gang med kommune­planens samfunnsdel
Steg 7 av 10

Lag utkast til samfunnsdel

Kommunestyret bør delta aktivt i utviklinga av samfunnsdelen. Ein god samfunnsdel treng ikkje vere omfattande, men må vere tydeleg på dei overordna politiske prioriteringane og gi retning for handling.

Samskapande prosess mellom politikk og administrasjon

Administrasjonen bør legge til rette for at kommunestyret deltek aktivt i saksførebuinga til samfunnsdelen. Dette inneber å legge til rette for at kommunestyret har både kunnskap og prosessuell moglegheit for å ta grep om samfunnsplanlegginga, og sørge for at innspel og føringar frå kommunestyret blir innarbeida i planforslag.

For å styrke det politiske eigarskapet til samfunnsplanlegginga bør administrasjonen legge opp til ein samskapande prosess mellom politisk arbeid i kommunestyret og planfagleg arbeid i administrasjonen. Arbeidsforma krev gjensidig tillit og god rolleforståing. Administrasjonen må evne å jobbe prosessfagleg, og leia samskapingsprosessen. Dei folkevalde må ta rolla som samfunnsutviklar på alvor.

Kommunestyret bør ha moglegheit til å delta ved fleire høve undervegs i arbeidet med planutkastet. Prosessen bør legge opp til at kommunestyret legg politiske føringar for planarbeidet, og administrasjonen sett desse inn i ein planfagleg samanheng. Møta i kommunestyret bør ha ei form som sikrar god deltaking, arbeidsverkstad kan til dømes vere eigna som møteform for dette. ‍

Innhaldet i samfunnsdelen

§ INNEHELD LOVKRAV

Det er få formelle krav til sjølve utforminga av samfunnsdelen, og kommunen kan tilpasse til sine behov og mål for arbeidet.

Det primære bør vere at samfunnsdelen skal vere eit godt styringsverktøy for kommunestyret og administrasjonen, og forma bør vere tilpassa dette. Dette talar for ein relativt kortfatta samfunnsdel som er spissa inn mot dei sentrale prioriteringane.

Kommunar kan godt la seg inspirere av kvarandre. I botn av denne sida finn du nokre eksempel på korleis andre kommunar har utforma sin samfunnsdel.

Plan- og bygningsloven definerer nokre innhaldselement som må vere med i samfunnsdelen:

  • ei skildring av satsingsområde
  • ei skildring av overordna mål for både kommuneorganisasjonen og samfunnet
  • ei skildring av strategi(ar) som er velt for å nå måla
  • handlingdel som skildrar korleis planen skal følgast opp i dei fire neste åra eller meir

Andre innhaldselement som bør vere med:

  • arealstrategi som viser kva føringar samfunnsdelen legg for arealbruken i kommunen. Sjå også denne filmen (opnar i nytt vindauge).
  • oppsummering av styrkar og utfordringsbilde frå kunnskapsgrunnlaget.
  • oppsummering av hovudgrepa i prosessen, til dømes sentrale tiltak for den politiske prosessen og medverknad.‍

Når det gjeld det tematiske innhaldet i samfunnsdelen er det på nokre område lagt sterke føringar for kva tema kommunane må ta omsyn til.

Kommunen kan sjølv vurdere på kva måte dei innarbeider desse tematiske omsyna i samfunnsdelen, og vektlegging kan variere frå kommune til kommune. Det sentrale er at administrativ og politisk leiing må gjere vurderingar knytt til korleis desse omsyna blir tatt omsyn til i planforslaget.

Ein enkel og overordna samfunnsdel

I planstrategien har kommunen lagt føringar for heilskapen i kommunen sitt planverk. Kva ambisjon kommunen har for forenkling av planverket og samanhengen mellom dei ulike planelementa har innverknad på innhaldet i samfunnsdelen. Om kommunen har ønske om å redusere talet tematiske kommunedelplanar kan dette bety at fleire tematiske områder må innarbeidast i samfunnsdelen.

For å vere eit godt styringsverktøy må det vere enkelt å forstå kva som er dei overordna strategiske grepa og målsettingane i samfunnsdelen. Ein god samfunnsdel treng difor ikkje vere omfattande, men må vere tydeleg på dei overordna prioriterte områda og gje retning for handling og samhandling.

Samfunnsdelen bør gje grunnlag for å jobbe heilskapleg og på tvers av sektorar. For å lukkast med dette bør samfunnsdelen ikkje vere for detaljert eller sektorspesifikk, men heller sette ei overordna retning som kan gjelde på tvers av sektor i kommunen.

Korleis har andre kommunar gjort det?

Det finst ikkje ein fasit på korleis samsunnsdelen skal sjå ut, så kva kommune må finne ein modell som fungerer for seg.

  • Beiarn kommune sin samfunnsdel for 2020-2030 (opnar i nytt vindauge) er eit svært kortfatta dokument, der mål og strategiske føringar kjem tydeleg fram. Samfunnsdelen summerer kort opp hovudutfordringane og fortrinna for kommunen. Vidare har planen tre hovudmål for samfunnsutviklinga, og 4 hovedsatsingsområde. Både måla og satsingsområda er overordna og går på tvers av sektor. Til slutt har samfunnsdelen ein kortfatta arealstrategi som viser kva føringar samfunnsdelen har for arealdelen og plan- og byggesaksforvaltning i kommunen. ‍
  • Steigen kommune sin samfunnsdel for 2021-2033 (opnar i nytt vindauge) viser tydeleg samanheng mellom overordna mål og korleis kvart mål skal bli følgt opp gjennom strategiske tilnærmingar. Planen har 5 tverrfaglege satsingsområder for planperioden. For kvart satsingsområde er det definert langsiktige mål - slik vil vi ha det. Under kvart mål ligg fleire strategiar for korleis kommunen skal jobbe - slik gjer vi det. I tillegg viser planen tydeleg kopling til bærekraftmåla. Plandokumentet har brukt noko meir plass på oppsummering av kunnskapsgrunnlaget.
  • Hitra kommune sin samfunnsdel 2014-2026 (opnar i nytt vindauge) begynner med ei oppsummering over dei viktigaste funna i kunnskapsgrunnlaget. Desse er summert opp i korte tematiske kapittel som viser status for ei rekke samfunnsområder i kommunen. Så er det definert tre satsingsområder for samfunnsdelen. Kvart satsingsområde er overordna og har eit hovedmål som tar utgansgpunkt i innbyggaren sitt perspektiv; Hitra skal bli meir attraktivt som bustad, for bedrifter og for besøkande. For kvart av hovedmål er det definert 3-5 delmål som går meir inn på strategi for å nå målet. Kvart delmål er skildra i fritekst.