Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Kom i gang med kommune­planens samfunnsdel
Steg 6 av 10

Definer satsingsområde, strategiar og mål

Gjennom satsingsområde, mål og strategiar skal samfunnsdelen gje retning for samfunnsutviklinga i kommunen.

Satsingsområde, mål og strategiar må spegle den politiske viljen i kommunen. , og kommunestyret må bidra aktivt når desse vert utforma. Det er ein fordel for samfunnsdelen som styringsverktøy om dei folkevalde kan samle seg om mål og strategiar i så stor grad som mogleg, på tvers av partipolitiske skiljelinjer.

Samfunnsdelen skal vere eit tydleg styringsverktøy

Både administrasjonen og kommunestyret skal styre etter samfunnsdelen. Derfor må samfunnsdelen ha tydlege prioriteringar og god samanheng frå overordna visjonar og til den konkrete økonomiplanlegginga.

Samfunnsdelen bør gi grunnlag for å jobbe overordna og heilskapleg og på tvers av sektorar. Han bør difor ikkje vere for detaljert eller sektorspesifikk, men heller ta utgangspunkt i innbyggar- eller samfunnsperspektiv.

Samfunnsdelen skal sette retning og dei lange linjene for utviklinga i kommunen. Dette skjer gjerne gjennom visjon, hovudmål og arealstrategien. Mange samfunnsutfordringar krev heilskapleg og tolmodig innsats, og det er difor viktig at kommunen held fast på ei ønska utviklingsretning, gjerne over fleire kommunestyreperiodar.

Samtidig må samfunnsdelen vere tydeleg på dei politiske prioriteringane i valperioden, gjennom mål, strategiar og handlings- og økonomiplanen. Disse må la seg følgje opp i økonomiplanlegginga.

Satsingsområda viser prioriteringane i planperioden

Sjølv om samfunnsdelen skal ta utgangspunkt i heile kommunesamfunnet, skal planen ikkje omfatte alt som skjer i kommunen. Satsingsområda i planen viser dei tematiske områda kommunen skal gi ekstra merksemd og ressursar i planperioden.

Satsingsområda skal følgje opp eventuelle prioriteringar som er gjort i planstrategien og/eller planprogrammet. Kunnskapsgrunnlaget må innehalde kunnskapen som kommunestyret treng i satsingane.

Mål definerer kva kommunen vil oppnå

Måla definerer kva kommunen vil oppnå innan kvart satsingsområde. Samfunnsdelen bør ha overordna langsiktige mål som femnar om utviklinga i både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Dei overordna måla kan utdjupast i meir detaljerte mål og konkrete tiltak. Når kommunestyret skal bli einige om mål, bør dei ta utgangspunkt den oppdaterte kunnskapen. Følgande spørsmål kan bidra til å kome fram til relevante mål:

  • Kva område ser vi stort behov for å gjere noko med i vår kommune?
  • Kva er vi gode på i dag i vår kommune?
  • Kva kan kommunen gjere noko med?

Basert på desse spørsmåla bør kommunestyret gjere ei prioritering om kva samfunnsområde eller utviklingstrekk dei opplever er mest kritisk å gjere noko med.

Mål i samfunnsdelen bør vere formulert på ein måte som gjer at det er mogleg å styre etter dei. Desse fem kjenneteikna på smarte mål bidreg til dette:

  • Måla er Spesifikke
  • Måla er Målbare
  • Måla er Oppnåelege
  • Måla er Realistiske
  • Måla er Tidsavgrensa

Ikkje alle mål fyller alle desse krava. Dei overordna måla vil truleg oppfylle krava i mindre grad enn dei meir detaljerte lengre nede i målhierarkiet. I handlingsplanen bør måla oppfylle desse krava, slik at det er enkelt å styre etter måla.

Strategiar viser korleis kommunen vil jobbe

Ein strategi er ein framgangsmåte for å nå eit mål. Strategien er ikkje konkret når det gjeld å definere tiltak. Samfunnsdelen bør ta stilling til og skildre kva strategisk tilnærming kommunen skal legge til grunn for å nå målet. Planen bør innehalde ei skildring av den strategien som er valt for å nå eit mål.

Arealstrategiar viser konsekvens for arealbruk

Satsingsområde, mål og strategiar i samfunnsdelen påverkar arealbehov og arealbruk i kommunen. I samfunnsdelen skal kommunen synleggjere dette gjennom strategiske føringar for arealbruken i kommunen. Arealstrategien skal ikkje vere på detaljert nivå (tiltak), men skal skildre kva strategisk retning, eller overordna prinsipp, som skal ligge til grunn for vidare utvikling av arealbruk i kommunen. Føremålet er å sikre god kopling mellom ønska samfunnsutvikling og arealbruken i kommunen. Arealstrategien skal bli følgt opp og konkretisert i arealdelen til kommuneplanen.

God kopling mellom samfunnsdel og handlingsdel

God kopling til handlingsdel er ein føresetnad for at samfunnsdelen blir følgt opp i praksis. Måla og målstrukturen i samfunnsdelen bør ha ein tydeleg samanheng, og handlingsdelen bør synleggjere korleis måla blir følgt opp i handlingar.

Plan og bygningsloven og kommunelova opnar for at handlingsdelen kan inngå i økonomiplanen. Å styrke samanhengen med økonomiplanlegginga kan verke skjerpande på planlegginga og gjere det lettare å styre prioriteringane mot det som er realistisk innanfor dei økonomiske rammene. I tillegg er det forenklande samanlikna med å revidere både handlingsdel og økonomiplan separat.

Handlingsdelen skal reviderast minimum 1 gong per år, og er del av den kontinuerlege politikkutviklinga i kommunen. Når kommunen reviderer samfunnsdelen bør ein samtidig vurdere om det er element i handlingsdelen som bør bli innarbeidd i samfunnsdelen. Til dømes dersom det ligg langsiktige tiltak i handlingsdelen, eller dersom det ligg tiltak eller mål som er av meir overordna karakter.

Korleis har andre kommunar gjort det?

Kvar kommune må finne ei form på mål og tiltak som fungerer best for seg. Her er eksempel på korleis andre kommunar har gjort det.