Lag kunnskapsgrunnlaget
God planlegging er avhengig av eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.
Kunnskapsgrunnlaget bør gi innsikt i kva som er status på viktige samfunnsområde, og kva utfordringar kommunen står overfor.
Kunnskapsgrunnlaget bygger på planstrategien
I planstrategien har kommunestyret vurdert kva tema som skal inngå ved utarbeiding/revisjon av samfunnsdelen. Vurderingane i planstrategien er utgangspunktet for å sette saman eit relevant kunnskapsgrunnlag. Om revisjonen av samfunnsdelen er avgrensa til utvalde tema kan ein avgrense kunnskapsgrunnlaget tilsvarande.
Innhaldet i kunnskapsgrunnlaget
§ INNEHOLDER LOVKRAV
Kommunen står relativt fritt til å vurdere kva som skal vere med i kunnskapsgrunnlaget. Det er likevel nokre krav til kommuneplanen som ein må ta omsyn til i kunnskapsgrunnlaget. Dei mest sentrale er:
- § 3-1 i Plan- og bygningsloven (opnar i nytt vindauge) lister opp oppgåver og omsyn kommunen skal vurdere i kommuneplanen.
- §2-1 i Plan- og bygningsloven (opnar i nytt vindauge) set krav om oppdatert offentleg kartgrunnlag (DOK)
- § 6 i Folkehelseloven (opnar i nytt vindauge) set krav om mål og strategiar for folkehelsearbeidet
- Forventningsdokumentet Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging (opnar i nytt vindauge) legg sentrale føringar for kva omsyn kommunane skal ta i den kommunale planlegginga
Samfunnsdelen skal legge føringar for kommunen som organisasjon, og kunnskapsgrunnlaget må innehalde oppdatert kunnskap om kommuneorganisasjonen.
Kommunen kan gjerne be om planfagleg rettleiing frå fylkeskommunen for å få meir konkrete råd til innhaldet i kunnskapsgrunnlaget.
Når det gjeld form på kunnskapsgrunnlaget, kan kommunen tilpasse dette til eigne behov. Kommunen bør legge vekt på at kunnskapsgrunnlaget skal vere lett tilgjengeleg for kommunestyret og andre som skal ta kunnskapen i bruk.
Inkluder kommuneorganisasjonen i eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag
Det er administrasjonen si oppgåve å sette saman kunnskapsgrunnlaget, men det er ressurssparande om heile kommuneorganisasjonen samarbeider om eit felles kunnskapsgrunnlag.
Einingane bør bidra med innspel om status, utviklingstrekk og utfordringar i dei kommunale tenestene. Kommunen kan gjerne etablere ei rutine der dette blir gjort kvart år som del av arbeidet med årsrapportering og økonomiplan og handlingsdel.
Med ei slik rutine vil kommunen alltid ha tilgjengeleg kunnskap som er nyttig både i drift av kommunen, oppfølging av handlingsdelen, og for næringsliv, politikk og organisasjonsliv i kommunen.
Eit heilskapleg grunnlag kan gjere det enklare å sjå samanhengar på tvers av sektorar og fagområde i kommunen.
Utforming av kunnskapsdokumentet
Kommunen kan sjølv avgjere kva form kunnskapsgrunnlaget skal ha. Kunnskapsgrunnlaget bør ha ei form om omfang som gjer det enkelt å sette seg inn og ta i bruk kunnskapen, av kommunestyret og andre.
Bygg politisk eigarskap til kunnskapsgrunnlaget
Dei folkevalde har i varierande grad kunnskap om utviklingstrekk i kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. For at kommunestyret skal vere i stand til å vedta ein nyttig og relevant samfunnsdel, må vedtaket vere kunnskapsbasert.
Ein tverrpolitisk verkstad kan bidra til at kommunestyret blir kjend med kunnskapsgrunnlaget. I verkstaden kan kommunestyret til dømes diskutere utkast til kunnskapsgrunnlag. Aktuelle spørsmål å diskutere er:
- er kunnskapsgrunnlaget dekkande for dei tema som kommunestyret er opptekne av?
- korleis vil kommunestyret følgje opp kunnskapen i kunnskapsgrunnlaget?
- kva for utviklingstrekk ønskjer kommunestyret å prioritere i planperioden?
- er det andre tema som bør leggast til i kunnskapsgrunnlaget?
Innbyggarmedverknad om kunnskapsgrunnlaget
Innbyggarar og næringsliv kan ha viktig kunnskap å bidra med i når administrasjonen skal utforme utkast til kunnskapsgrunnlaget. Kunnskap om opplevde utfordringar og moglegheiter for innbyggarane, næringsliv og frivilligheit er viktige for å gje eit reelt bilde på utviklinga og utfordringar i kommunen. Subjektiv kunnskap om korleis innbyggarar i ulike aldersgrupper har det i kommunen, kan utfylle objektiv kunnskap om demografi og flyttemønster.
Ei utfordring som kan oppstå ved større nasjonale spørjeundersøkingar er at talet respondentar i små distriktskommunar er så lågt at det er vanskeleg å framstille god statistikk på kommunenivå for dei minste kommunane. Lokale spørjeundersøkingar kan difor vere eit viktig supplement i kommunar med lågt folketal.
På same vis kan subjektiv kunnskap frå lokalt næringsliv om utviklingsplanar, utfordringar og synet på den kommunale næringsutviklar-rolla vere viktig for å peike på korleis kommunen kan styrke næringslivet i kommunen.
Digital spørjeundersøking er ein effektiv metode for å samle inn meiningar frå mange. Det er ein god metode for å la innbyggarar og næringsliv vere med på å forme kunnskapsgrunnlaget til kommuneplanen.
Korleis har andre kommunar gjort det?
Kvar kommune må finne si form på kunnskapsgrunnlaget. Her er eksempel på korleis andre kommunar jobbar.
- Hitra i tall (opnar i nytt vindauge) er Hitra kommune sitt overordna kunnskapsgrunnlag. Kunnskapsgrunnlaget er interaktivt og blir oppdatert basert på offentleg tilgjengelege data. I tillegg produserer kommunen ein gong i året eit hefte som samanfatter kunnskapsgrunnlaget (opnar i nytt vindauge). På denne måten syter kommunen for at det alltid er eit oppdatert kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg.
Verktøy og metoder
Kunnskapskjelder
SSB si teneste Arealbruk i din kommune (opnar i nytt vindauge) omfattar data om sosiale tilhøve, folkesetnad mm. og gir moglegheit for å samanlikne seg med andre kommunar. Tenesta omfattar 34 indikatorar for bruk i planstrategi, KPS og KPA.
Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) (opnar i nytt vindauge) er kvalitetssikra og stadfesta informasjon som grunnkart, matrikkeldata og kommunaltekniske geodata.
Metodar
Fjord kommune
Planprosess byggjer fellesskap og gir retning i nye Fjord kommune (opnar i nytt vindauge)
Sogndal kommune
Minecraft engasjerte barn og unge i samfunnsplanlegginga (opnar i nytt vindauge)
Kjelder
Kommunal- og distriktsdepartementet, 2023, Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging (opnar i nytt vindauge)