Hopp til innhaldet
Distriktssenteret

Om Distriktssenteret

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Her er noko av det vi arbeider med.

  • Vi gir kommunane kunnskap dei treng for å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
  • Vi gir Kommunal- og distriktsdepartementet kunnskap dei kan bruke for å gjere politiske valg.
  • Vi formidler kunnskap basert på praktiske erfaringar og forskning om lokal samfunnsutvikling.
  • Vi forvaltar Merkur-programmet.

Kontakt oss

Sentralbord og postmottak

Telefon sentralbord: 481 68 280

  • Tast 1 for saksbehandling av støtteordningar i Merkur-programmet
  • For andre samtalar, vent på svar

E-post: post@kdu.no (opnar i nytt vindauge)
Personvernombud: pvo@kdu.no (opnar i nytt vindauge)

Postadresse

Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling
Skolegata 22
7713 Steinkjer

Fakturaadresse/organisasjonsnummer

Organisasjonsnummer: 992 375 434

Distriktssenteret er som andre statlege verksemder pålagt å berre ta i mot elektronisk faktura på standardformatet EHF (opnar i nytt vindauge). Organisasjonsnummeret er e-fakturaadresse (for utland bruk landkoden vår først: 9908 : 992 375 434)

Alle faktura må påførast bestillarreferanse: 3200XXXX (du får fullstendig referanse frå oss).

For oppdragstakere

Dersom du har utført oppdrag for Distriktssenteret, men ikke har mulighet for å sende faktura, bruker du statens digitale løsninger for å få oppgjør.

Når oppdraget ditt for Distriktssenteret er utført, kan du kreve avtalt godgjørelse og refusjon av kostnader på to måter: elektronisk faktura (se over) eller nettløsning/app.

Nettløsning eller app

Du kan også kreve utbetaling via nettløsning (opnar i nytt vindauge) eller du ved hjelp av DFØ-appen (opnar i nytt vindauge).

For å bruke nettløsning eller app, trenger du en brukertilgang fra Distriktssenteret. Hvis du mangler denne, kan du sende en forespørsel til post@kdu.no (opnar i nytt vindauge) så sender vi deg tilgang.

Slik leverer du reiseregninger, utgiftsrefusjon eller honorarer i app eller på nett (opnar i nytt vindauge).

Har du tekniske spørsmål om nettløsning eller DFØ-appen? Kontakt DFØs Kundesenter:
Telefon: 406 34 021
E-post: lonn@dfo.no (opnar i nytt vindauge)
Åpningstid: 08:00 – 15:30, sommertid (15. mai – 15. september) 08:00 – 15:00

Kvitteringer og andre bilag

Alle beløp må dokumenteres ved at kvitteringer og bilag legges ved i PDF-format. Nødvendige bilag:

  • Kvitteringer for reiseutgifter (ikke kvitteringer for offentlig kommunikasjon, f.eks. buss, tog, ferje og bomavgift)
  • Kontrakt/avtale/møteprotokoll eller lignende for honorarkrav

Honorar

Honorarkrav må registreres med riktig lønnart for å sikre korrekt utbetaling og rapportering.

Denne lønnarten er mest aktuell for Distriktssenteret:

  • 5535 – Honorar: brukes av øvrige oppdragstakere

Andre spørsmål

Har du andre spørsmål til selve oppdraget? Ta kontakt med din kontaktperson i Distriktssenteret.

Besøksadresser

Alstahaug

Flusthuset
Torolv Kveldulvsons gt. 45 (opnar i nytt vindauge)
8800 Sandnessjøen

Sogndal

Askedalen 4 (opnar i nytt vindauge)
6863 Leikanger

Steinkjer

Innocamp
Skolegata 22 (opnar i nytt vindauge)
7713 Steinkjer

Organisasjonen vår

Kompetansesenter for distriktsutvikling - Distriktssenteret er leia av konstituert direktør Kristin Rundsveen Bøtun, og er eit uavhengig fagleg forvaltingsorgan under Kommunal- og distriktsdepartementet.

Vi er organisert i fagavdelingane Utviklingskapasitet i distriktskommunar og Tenester i lokalsamfunn og ei Administrasjonsavdeling. Distriktssenteret held til på kontor i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug.

Vi jobber med

Framtidas samfunnsutvikling i kommunane

Vi arbeider med å finne arbeidsmåtar, kunnskap og erfaringar som er nyttige for små og mellomstore kommunar og områder med særlege distriktsutfordringar. Kunnskapen skal bidra til at kommunane er gode samfunnsutviklarar som skapar gode og attraktive lokalsamfunn for fastbuande, besøkande og næringsdrivande. Både i dag og i framtida.

Vi samarbeider om kunnskapsutvikling og rettleiing med fleire aktørar, mellom anna fylkeskommunane, Husbanken og statsforvaltarane.

Nærbutikkane si rolle i lokal samfunnsutvikling

Gjennom forvaltinga av Merkur-programmet (opnar i nytt vindauge) får vi får ny og viktig innsikt i kva rolle og betydning nærbutikkar har for samfunnsutviklinga i distrikta. Vi ser på samarbeidet mellom nærbutikk og kommune, der butikken får ei rolle som nav i lokalsamfunnet og lokal utviklingsaktør. Erfaringar blir delt med både kommunar og butikkar. 

Medvirkning og involvering

Involvering av innbyggarane kan gjerne skje utanfor rådhuset. Vi følgjer kommunane sitt arbeid med medvirkning og involvering.

Forvalting av Merkur-programmet

Vi forvaltar Merkur-programmet (opnar i nytt vindauge), eit nasjonalt kompetanse- og utviklingsprogram for distriktsbutikkar. Programmet tilbyr opplæring og rådgiving for kjøpmenn og arbeider for at daglegvarebutikkane kan få tilleggstenester som gir auka lønsemd i butikken og som gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.

I tillegg kan små butikkar og bokhandlar i Distrikts-Noreg få økonomisk støtte til utvikling av butikken og tenestene sine.

Formidling

Vi arbeider heile tida med å gjere kunnskapen vår tilgjengeleg og lett å ta i bruk. Vi hentar inn praktiske erfaringar frå kommunar og regionar, og på bakgrunn av desse erfaringane bestiller vi inn forsking frå FoU-miljø over heile landet.

Resultata av arbeidet vårt finn du i form av nettartiklar, hefter og publikasjonar, filmar og webinar. I tillegg gir vi gjerne med innlegg på konferansar, arbeidsverkstader og for kommunestyrer.

Målgrupper

Hovudmålgruppa vår er kommunar, regionar og andre med utviklingsoppgåver. Dei vi har mest kontakt med er ordførarar, rådmenn og prosjektleiarar. Vi prioriterar små og mellomstore kommunar, og områder med særlege distriktsutfordringar.

I tillegg samarbeider vi med fylkeskommunane og andre regionale og statlege verksemder, og vi bidreg med faglege innspel til nasjonal politikkutvikling.

Hovudmålgruppe for Merkur-programmet er drivarar av nærbutikkar og bokhandlar i Distrikts-Noreg.